Ultraschall Med 2006; 27(6): 598
DOI: 10.1055/s-2006-958504
Flaggermusen

© Georg Thieme Verlag KG Stuttgart · New York

Skal NFUD skilje lag med lægeforeninga?

Further Information

Publication History

Publication Date:
19 December 2006 (online)

 

Dette spørsmålet vart drøfta ved siste generalforsamling og vedtak vart gjort at saka skal opp til avstemming ved generalforsamlinga 2007. Simpelt fleirtal, for eller imot noverande samband med Den norske lægeforening (DNLF), avgjer spørsmålet. Til orientering viser eg til referat frå eit telefonmøte november 2006:

"Omstrukturering av foreiningar som høyrer til Lægeforeninga endrar ikkje på tilhøva for NFUD.

NFUD vil og frå 01 01 07 ha namnet spesialforeining,. Totalt vil det frå årsskiftet finnast 18 slike spesialforeiningar i Lægeforeningen. Sams for desse er frivillig medlemskap, interesseområde som femner ulike og fleire fag og at medlemsmassen ikkje er berre legar.

Interesseområdet er spesielt medisinsk retta. Utvikling, bruk og kvalitetssikring tuftar på høg medisinsk fagkunnskap. Såleis naturleg at NFUD er legestyrt. Samtidig er det heilt nødvendig med tett samarbeid med ulike andre yrkesgrupper for optimal fagkunnskap.

Medlemmer i NFUD som ikkje er legar, kan fritt komme med ytringar på generalforsamlinga, men har ikkje stemmerett og er ikkje valbare til styret i NFUD. Dette er regulert av DNLF sine lover. Dette oppfattast lite demokratisk for medlemmer som ikkje er legar, særskilt om denne medlemsmassen utgjer ein stor del av det totale medlemstalet.

Ultralydbruk har i dag ei sentral rolle ved medisinsk diagnostikk, kan også bli det for medisinsk terapi i framtida. Slik bruk vil alltid være nær knytt til DNLF. NFUD som spesialforeining, vil då være basis for DNLF i dette interesseområdet.

NFUD kan etter eigne lover gå ut av DNLF utan hefte av noko slag. NFUD vert då ein eigen interesseorganisasjon utan DNLF som støtte. NFUD bestemmer sjølve om det skal være likeverde for alle medlemmer i alle saker ved generalforsamlinga.

Presidenten og generalsekretæren i DNLF tilrår at NFUD vert verande som spesialforeining. Dei er stemde for fleire møter med NFUD for å drøfte høve til større demokratisk likeverde for alle medlemmer i NFUD. Alt dette samsvarar med haldninga til sentralstyret i DNLF vedrørande NFUD.

Dei problemstillingane som NFUD har teke opp, vil bli drøfta vidare. DNLF planlegg møte i jan/feb 2007 om dette. Representantar frå alle spesialforeiningar vil bli inviterte."

    >